Soltun Besøksgard Andelslandbruk
I 2023 etablerte Soltun Besøksgard ein marknadshage som leverte grønsaker til 15 andelsbønder frå juni til oktober. I år utvidar me plassane og det vil være mogeleg for fleire å få sprøytefrie, miljøvenlege, smakfulle og næringsrike grønsaker ferske frå åkeren gjennom sesongen. Me vil dyrke ein stor variasjon av grønsaker og spennande variantar av dei tradisjonelle kjende grønsakene som me vanligvis kjøper i butikken.
I vårt andelslandbruk er det ingen dugnadsplikt, men det oppfordrast til å delta i det sosiale felleskapet. I løpet av sesongen vil det arrangerast kurs relatert til bruk og foredling av grønsaker og urter, dyrkekurs og andre hagekurs. Desse kursa vil andelsbøndene ha førstrett på og få rabatterte prisar.
Grønsakene må hentast på garden annakvar tysdag mellom kl 12-18, det vil då og vere mogeleg å kjøpe andre lokale varer i Gardsbutikken. I 2024 testa me ut embalasjefri levering. Dette vil sei at andelsbøndene må ta med seg sin eigen «embalasje» som dei frakter grønsakene heim i, Mange vel då å nytte seg av oppbevaringsboksar dei allereie har i kjøleskapet sitt for god organisering og lengre haldbarheit.
Har du spørsmål? send oss gjerne ein mail på post@soltunbesoksgard.no eller ring oss på 56995390.
Bli Andelsbonde!
Prisen for ein andel er 5000 kr per sesong og betalast før sesongen startar. Dette inkluderar 10 grønsakskassar fordelt utover annakvar veke frå juni til oktober. Gjennomsnittleg pris per kasse er 500 kr, men dette vil sjølvsagt varierer gjennom sesongen i forhold til kva som er modent for hausting.
Påmelding finn du i kalendaren på 15. juni. Fyll ut skjema, så svarar me og sender ut faktura fortløpande. Om du ynskjer fleire andelar fyller du ut samme skjema fleire gonger.
Me gler oss til sesongen 2025 og håpar det er fleire som vil være med på vårt grønsakseventyr på tuppen av Garnes!
